Valdresdesign.no

Ny visuell identitet for Valdres

Den nye visuelle identiteten for Valdres skal vera eit verktøy for å bygge merkevara Valdres. Designet skal vera med og styrke den posisjonen Valdres ønskjer å ha i marknaden som "sanseriket". Den nye profilen skal også vera samlande for heile Valdres.

Det er viktig at Valdres har ein klår, ryddig og heilskapleg visuell identitet. Slik blir kommunikasjonen tydeleg og truverdig.

Hugs at:

God design synleggjer
God design skil oss frå dei andre i marknaden
God design skaper klårleik
God design gjev tiltru
God design gjev finansiell styrke
God design rører ved kjenslene

Eg sansar – ser, høyrer, luktar, smaker og føler. Den sjette sansen kiler og krydrar tilveret. Indre og ytre opplevingar skjerper sansane mine. Eg lever.

Kvifor draken og hjarta?

Draken er viljesterk og kraftfull
Draken pregar mykje av ornamentikken på stavkyrkjene
Draken appellerer til den sjette sansen – til fantasien. Han er mytisk og mystisk, spennande og kanskje litt skræmande

Hjarta symboliserer det levande og sansande mennesket
Hjarta finn vi i låverosene
Hjarta er liv, kjærleik og omtanke

Valdres har hjarterom

Alle spørsmål:

Valdres Natur- og Kulturpark
Tlf. 61 35 94 50
Tlf. 61 35 64 99
post@valdres.no